Gjennom Mat og Natur inkubatoren ønskjer ein å tilby potensielle vekstbedrifter og gründerar med høge ambisjonar eit strukturert opplegg som gir raskare vekst, meir profesjonelle bedrifter og større grad av overleving.
Målgruppa er gründerar og bedrifter innan mat og naturbasert næring. Det omfattar ulike forretningsområde som til dømes marin sektor, næringsmiddelindustrien, kystbasert næring, naturbasert reiseliv, grøn omsorg og småskala matproduksjon.
Kva tilbyr vi i Mat og Natur inkubatoren?
-
Kontorlokale med serviceteneste
-
Systematisk og strukturert oppfølging
-
Hjelp til søknadar, forhandlingar og avtalar
-
Tilgang til eit stort og fagleg nettverk innan mat & naturbransjen
-
Tilgang til moglege styrerepresentantar
-
Tilgang til ekspertteam
-
Tilgang til kapital og investormiljø
-
Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
-
Utveksling av erfaringar med bedrifter i same situasjon
Kvifor bli ein inkubatorbedrift ?
Du/de:
-
får profesjonell hjelp når du/de treng det
-
får arbeidd systematisk med forretningsideen
-
får hjelp til å halde overordna fokus og sjå dei store linene
-
får tilgang til hensiktsmessige kontorfunksjonar og lokale
-
får eit større nettverk
-
kan finne samarbeidspartnarar
-
får lettare tilgang til kapital og investorar
-
blir stimulert av dei andre i Inkubatoren.
-
slepp å arbeide aleine med idee n
Korleis bli ein inkubator?
Gjennom ein prosess og dialog i samarbeid mellom gründeren/bedriften og Mat og Natur inkubatoren vert det utarbeidd ein enkel forretningsplan/søknad. Denne presenterer gründeren/bedriften sjølv for ein opptakskomité.
Kva blir det lagt vekt på ved vurderinga?
-
Element av innovasjon i forretningsidéen? Innovasjon kan vere: patenterbart produkt eller metode, unikt konsept, nytt produkt, ny måte å produsere eller distribuere på, ny samansetting, originalt design, ny marknad, utradisjonell salskanal, unike salseigenskapar/tilleggsverdiar
-
Kompetanse nok i teamet til å gjennomføre prosjektet?
-
Realistiske budsjett og finansieringsplan?
-
Potensialet for eller ambisjonar om vekst? Idéen må vere oppskalerbar og potensialet for vekst må synleggjerast. Idéen bør ha potensiale på minimum 2 millioner kroner i omsetning eller to tilsette i løpet av tre år. Ambisjonane veks gjerne etter kvart som verksemda utvikler seg. Nasjonale eller internasjonale ambisjonar er ein fordel.
Interessert?
Be om eit møte eller ein uforpliktande samtale. Vi kjem gjerne på besøk!
Kontakt:
Marit Størseth
Leder Mat- og naturinkubator
e-post: marit.storseth@ipark.no
Telefon: 51 87 40 21, mobil : 475 00 045
Ipark AS
Prof. Olav Hanssensvei 7a
Pb. 8034, N-4068 Stavanger

Portefølje